No open-access location is known for this record yet.
No open-access location is known for this record yet.
Sammendrag Nonneseter kloster i Bergen blei grunnlagt på 1100-talet og var dei neste hundreåra det største og rikaste kvinneklosteret i Noreg. Sidan Langes klosterhistorie frå 1847 har det vore hevda at Nonneseter var cisterciensisk og ikkje benediktinsk, ein teori som er utfordra dei siste åra. Med utgangspunkt i kjeldene, blant anna eit dokument frå 1509 som til no er blitt oversett med omsyn til ordenstilknytinga, argumenterer forfattaren for at det ikkje er grunnlag for å tru at Nonneseter var knytt til cisterciensarordenen. Tvert imot tyder alt på at Nonneseter var eit benediktinarkloster frå grunnlegginga og fram til klosteret blei nedlagt på siste halvdel av 1400-talet.
Loading…
Stored only when both papers are in the corpus — 5 citations exist upstream.
Imported from OpenAlex (CC0) — nothing here is generated.