No open-access location is known for this record yet.
No open-access location is known for this record yet.
I denne artikkelen analyserer vi det semiotiske landskapet som famnar om og er ein del av staden Universitetet i Tromsø (UiT), inkludert Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Analysen bygger på eit todelt datamateriale som omfattar fotografi frå universitetsområdet i tillegg til relevante dokument om språklovgjeving og andre offisielle vedtak om språkbruk. Dei aktuelle språka er norsk (bokmål og nynorsk), nordsamisk, engelsk og kvensk/finsk. I tillegg blir ymse slag visuelle symbol underkasta analyse. Også kunstnarleg utsmykking blir kort omtala. Vi viser korleis synleggjering av ulike språk på UiT er eit resultat av språkpolitikk på ulike nivå, men også er påverka av meir implisitte faktorar som lokale og nasjonale språkhierarki og, ikkje minst, konstruksjonen av ein regional institusjonsidentitet som blir uttrykt gjennom det semiotiske landskapet meir generelt. Som ramme rundt denne analysen gjer vi dessutan ein ekskurs til det som i 2011 utløyste ein intens debatt i Tromsø kommune, nemleg spørsmålet om kommunen burde eller ikkje burde bli innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Den måten denne problemstillinga er blitt takla på av politiske organ i kommunen, og ikkje minst debatten om den i medieoffentlegheita, står i skarp kontrast til den fleirspråklege freden som omgjev universitetet og universitetssjukehuset.
Loading…
Stored only when both papers are in the corpus — 3 citations exist upstream.
Papers that cite the same references — the relational fallback while embeddings are still backfilling.
Imported from OpenAlex (CC0) — nothing here is generated.